Eldre ut på middag

Vi inviterer alle som er i aldersgruppa 65+ ut på middag. Meld deg på, vi gler oss til å treffe deg for mat og ein prat.

Velkomen til middag!

Fjord kommune har fått tilskotsmidlar frå Helsedirektoratet til å invitere seniorar 65+ ut på middag. Målet er å treffast for mat og prat i hyggeleg lag! Ordførar og kommuneleiing vil nytte høvet til å informere om planarbeid og prosessar som er på gang. 

Tid og stad

Du kan velje mellom følgjande dagar/serveringsstadar: 

Eldre ut på middag 2024 - tid og stad
Dato Klokkeslett Stad Påmeldingssfrist
Tysdag 10. september 15.00 Nerigardsløa i Eidsdal 6. september
Torsdag 12. september 15.00 Jordbærstova i Valldal 9. september
Onsdag 18. september 15.00 Nilsgardstunet i Stordal 16. september

Du kan sjølv velje kva serveringsstad du ønskjer i kommunen.
Tips gjerne fleire og ta med deg ein ven eller nabo i målgruppa som vil vere med!  
NB! Eigenandel kr 100. Kan betalast kontant eller med vipps ved ankomst.

Påmelding

Påmeldingsskjema er no stengt. Har du spørsmål til påmeldinga ta kontakt med Bjørg på telefon 90529164. 

Skyss

Har du behov for skyss til/frå serveringsstaden bestiller du direkte til transportør. Skyssen er gratis. 

Frå Valldal/Fjørå/Tafjord - Valldal taxi, telefon 90906210 
Frå Eidsdal/Norddal - Geiranger taxi, telefon 98241928 
Frå Stordal/Dyrkorn - Fjord taxi, telefon 95096532

Bjørg Jacobsen
Frivilligsentralen/kulturkoordinator
E-post
Telefon 90 52 91 64