Endring i varslingsystemet for Åknes Tafjord Beredskap IKS
Frå månadsskiftet mai/juni blir det endring i varsling av Åknes Tafjord Berdskap sine tyfonar. På grunn av endring i datasystem vil ein ikkje kunne nytte desse til varsling. I staden skal SMS-varsling og Nødvarsel nyttast.
![Bilde av tyfon - Klikk for stort bilete](/handlers/bv.ashx/i4e516e79-7518-4384-9af5-40a448ca3946/w1200/q2135/k1926f0172f0e/illustrasjonsbilete-tyfon.JPG)
Styret i Åknes Tafjord Beredskap IKS har gjort vedtak om at varsling med tyfonar går ut og at desse eventuelt skal overførast til Sivilforsvaret. Dette vil skje frå månadsskiftet mai/juni.
Grunnlag for at det ikkje vert varsling med tyfon, er at 110-sentralen skal gå over til nyare datasystem, og dagens tyfonar er ikkje tilpassa dette systemet. Ved nedlegging av tyfonvarsling, vert sikkerheita for bebuarane i området ikkje svekka. Ein har eit påliteleg SMS-varslings system som dekker heile området, samt at det er innført eit nytt nasjonalt varslingssystem (Nødvarsel) som dekker heile området. Det vil såleis framleis vere eit godt og sikkert varslingssystem i området.
Publisert 30.05.2024 08.47
Sist endra 30.05.2024 08.47