Er du ein engasjert ungdom mellom 13 og 19 år?

No kan du bli med i Ungdomsrådet, og uttale deg på vegne av barn og unge i kommunen. Det skal veljast nye medlemmar, og vi håper du vil vere med.

Fire jenter set med ryggen mot kamera og ser ut over sjøen - Klikk for stort bilete Hege Sylte Sæther

Ungdomsrådet har 4-5 møter i året og deltek på Ungdommens fylkesting og får tilbod om å delta på ulike opplegg i regi av kommune og fylkeskommune.

Fjord ungdomsråd består av 9 medlemmar, der tre skal vere i alderen 16-19 år. Representantane i aldersgruppa 13-16 blir vald ved kvar av ungdomsskulane i kommunen. Du blir vald for to år.
 

Er du mellom 16-19 år, kan du melde di interesse på elektronisk skjema under.

Frist for å melde seg er 17. november.

Her kan du lese meir om ungdomsrådet

Spørsmål? Ta kontakt med Bjørg Jacobsen på e-post: bjorg.jacobsen@fjord.kommune.no eller telefon 90529164.
 

Bjørg Jacobsen
Frivilligsentralen/kulturkoordinator
E-post
Telefon 90 52 91 64