Er du pårørande til ein person med demens?

Gule blomster - Klikk for stort bileteVårblomster Fjord kommune

Etter påske startar vi opp ei uformell samtalegruppe for pårørande. Her kan du lufte vanskelege spørsmål, få informasjon og støtte frå andre i same situasjon.

Gruppa blir leia av demenskoordinator og sjukepleiar Siv Ingeborg Støvreide og psykolog Kristian Dyrdal.

Alle som deltek i gruppa har teieplikt.

Tid: onsdag 26. april kl 15 - 16
Stad: Stordalstunet i kjellaretasjen

Påmelding til Siv Ingeborg Støvreide, tlf. 418 67 967, epost: siv.ingeborg.stovreide@fjord.kommune.no innan 19. april.