Felles studiedag for tilsette i skulen
Skulane i Fjord kommune var onsdag 16. august samla til felles studiedag med tema «Inkludering, tilpassa opplæring og samarbeid i reflekterande team».
Beate Farstad frå Høgskulen i Volda og Marie S.N. Ulvestad frå PPT stod for det faglege innhaldet.
Utdanningsdirektoratet har i Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis lagt føring for kommunane om at barnehagar, skular, PP-tenesta, helsetenesta, barnevern og andre i laget rundt barnet/eleven må arbeide saman for å skape eit inkluderande fellesskap. Opplæringa skal tilpassast for å gi elevane høve til utvikling, mestring, læring og trivsel uavhengig av deira føresetnadar. Skulane og «laget rundt eleven» vil dei neste to åra ha fokus på tilpassa opplæring og inkludering i samarbeid med Høgskulen i Volda.
Publisert 17.08.2023 14.32