Fjord kommune får digitalt følgjekort
No blir kvardagen lettare for deg som treng følgjekort. Fjord kommune blir med på den nasjonale løysinga, slik at du som treng ledsager på arrangement får følgjekortet lett tilgjengeleg på telefonen.
Digitalisering av tenesta
Fram til no har følgjekortet vore eit fysisk og laminert kort i Fjord kommune. Det er veldig gammaldags og upraktisk.
Digitalisering er viktig for å heve kvaliteten på tenestene, og å gjere dei lettare tilgjengeleg for brukarane. Digitalt følgjekort gjev ein fleksibel tilgang for brukarane og enklare digital arbeidsprosess for dei tilsette, som no slepp arbeidet med å lage fysiske kort.
Fjord kommune skal innføre digitale løysingar som gjev gevinst både for innbyggarane og for tilsette. Digitalt følgjekort er ei løysing som er utvikla av KS, for å byte ut fysiske kort med digitale bevis som er tilgjengeleg på brukaren sin telefon.
Ynskjer du digitalt følgjekort ?
Utrulling av dei digitale bevisa skjer gradvis. Ynskjer du å erstatte følgjekortet ditt med digital versjon kan du sende ein førespurnad om dette til oss, du treng ikkje søkje på nytt.
Send førespurnaden din via eDialog , legg ved eit nytt bilde i JPG-format.
Les meir om ordninga på Fjord kommune, Helse og omsorgtenester
Publisert 25.10.2024 11.44
Sist endra 04.12.2024 15.44