Fjord kommune tek i bruk Helseplattformen

Fredag 3. november kl. 22 går vi over til Helseplattformen. Eksisterande fagsystem vert slått av kl. 14 og kl. 18. Overgangen er lagt til eit tidspunkt då det vanlegvis er låg aktivitet i helsetenestene, men det kan likevel hende at ting vil ta litt lengre tid i starten. Det ber vi om forståing for. 

Helseplattformen

Fjord kommune tek i bruk løysinga samtidig med åtte andre kommunar i Møre og Romsdal.  Per 23. oktober er det 34 kommuner i Midt-Noreg som anten har tatt i bruk Helseplattformen, eller som har vedtatt å kople seg på.  

Eit løft for helsetenestene

Målet er bedre informasjonsflyt og økt pasientsikkerhet. 

Løysinga Helseplattformen er ein felles digital pasientjournal for heile helsetenesten i Midt-Noreg. Målet er betre informasjonsflyt og auka pasientsikkerheit. Visjonen er Ein innbyggar - ein journal. Vi er sikker på at innføring av Helseplattformen vil bety ei stor kvalitetsforbetring  for helsetenestene i kommunen, seier kommunalsjef for helse og omsorg Jan Ove Gravdal.

Vi er klare til å ta Helseplattformen i bruk

Den siste tida har det blitt gjennomført eit formidabelt arbeid internt med å overføre data frå gamle systemer, og dei tilsette har fått  opplæring i form av kurs og eigentrening. 

Som med alle store teknologiprosjekt, er kommunen budd på at det dukkar opp nokre utfordringar i starten. Det er heilt normalt i så omfattende prosjekt som krev svært mykje av både medarbeidarar og av organisasjonen vår. Vi har tatt nødvendige førehandsreglar og vurderer løysinga som forsvarleg å ta i bruk, seier innføringsleiar for Helseplattformen i Fjord, Turid Engeseth Løvoll. 

Vi ber om litt ekstra tålmodighet i tida som kjem. Vi skal framleis sørge for gode og forsvarlege helsetilbod for alle innbyggarane våre. Samtidig kan tenestene våre ha nokre begrensingar i enkelte periodar, fordi tilsette brukar mykje ressursar på innføringa av den nye løysinga.   

Fakta om Helseplattformen

Spørsmål og svar om Helseplattformen

Turid Engeseth Løvoll
Prosjektleiar
E-post
Telefon 41 86 79 44