Førehandsrøysing 31.08 og 02.09

Du kan førehandsrøyste på servicetorget på rådhuset i Valldal og ved kommunehuset i Stordal alle kvardagar i perioden 10. august til og med 8. september 2023. Opningstida er kl. 10:00-15:00.

Det vert også førehandsrøysting desse stadane:

Tidspunkt

Stad

Torsdag 31. august kl. 16:00-18:00

Rådhuset i Valldal og kommunehuset i Stordal

Laurdag 2. september kl. 11:00-13:00

Omsorgsbustaden i Eidsdal

Laurdag 2. september kl. 14:00-16:00

Rådhuset i Valldal og kommunehuset i Stordal


Instiusjonsval
Det vert institusjonsval ved Valldal sjukeheim og Stordalstunet måndag 4. september 2023 kl. 10:30-12:00.

Ambulerande røysting
Er du sjuk/ufør og kan du ikkje røyste i førehandsrøysteperioden? Da kan du søkje kommunen om å få førehandsrøyste heime (ambulerande røysting). Slik skriftleg eller munnleg søknad må vere kome kommunen i hende seinast kl. 10:00 fredag 8. september.