
Tysdag 1. september: Naturmøteplassen i Valldal
Stad: Grindløa på Øygarden i Valldal
Tid: klokka 12-13.30
Vertane serverer bålkaffi og noko å bite i. Stikk også innom Stikk UT!-turmålet på Olavsvegen i Syltemoa, ikkje langt frå grindløa.
NB! Neste naturmøteplass er tysdag 15. september klokka 12-13.30. Besøk frå friluftsrådet.
Tysdag 1. september: Fokhaugen rundt med Eva og Bjørnar

Stad: Oppmøte på parkeringslplassen ved Kvitlebrua, Langsætrane i Stordal
Tid: klokka 18
Eva og Bjørnar inviterer til ein rusletur rundt Fokhaugen, 1,5 - 2 timar i roleg tempo. Start på Kvitlane, over brua til Fokhaugstova og Puske-sida ut att. Det kan vere våte parti, så gode sko er lurt. Enkel tur, passar for alle. Turen går forbi ein StikkUT! - post.
Måndag 7. september: Trolltur i Eidsdal
Stad: Eidsdal. Oppmøtestad vert kunngjort på Eidsdal IL si facebookside
Tid: klokka 18
Klarer du 10 Stikk UT!-turar i Fjord i Friluftslivets veke?
5.-13. september inviterer friluftsråda i Møre og Romsdal til markering av Friluftslivets veke. Bli med på StikkUTFORDRINGA for Fjord og registrer minst 10 turmål i appen på telefonen. Trekning av premiar!
Ordførarens tur - Tafjord
HøgbakkenVelkomen til å bli med på ordførarens tur 2026 som går til Høgbakken, gapahuken i Jimdalen i Tafjord.
Gapahuken ligg fint til på eit utsiktspunkt og er tilrettelagt med grill. Der er også toalett. Gapahuken og området rundt er gitt i gåve frå Tafjord Kraft til Tafjordbygda. Turruta går forbi Tafjord Kraft sitt admininstrasjonsbygg, kraftstasjonane K1 og K4 og Karft- og skredsenteret.
Enkel tur i lag med ordførar Terese JEmtegård Moen og lokal kjentmann og historieforteljar Stig Falling. 1,3 km kvar veg.
TID: Måndag 21. september klokka 18.00
STAD: Oppmøte og parkering ved Tafjord friluftsbad.
God tur!