Friluftslivets veke i Fjord!

Kaffikjel på utandørs grue - Klikk for stort bileteBålkaffi kristi linge stakkestad

Vi feirar friluftslivets veke og Stikk UT! Festival 2.-10. september. I Fjord vert dette markert med aktivitetar på naturmøteplassen i Valldal, bålkaffi i hamna i Stordal og ordførarens tur i Fjørå. Alle er velkomne!

Måndag 4. september: Ordførarens tur til Ruggå

Sti og grindløe omgitt av skog og blå himmel.  - Klikk for stort bileteRuggå i Fjørå Kristi Linge Stakkestad

Stad: Ruggå i Fjørå
Tid: Måndag 4. september kl 18-19:30
Bli med ordførar Eva Hove på Stikk UT!-tur til Ruggå.
Oppmøte på parkeringsplassen på Hauge i Fjørå. Vel møtt! Bli med på tur!

Det er høve til å gå vidare til Ytterlinakkane for dei som ønskjer ein lengre tur.

Onsdag 6. september: Naturmøteplassen i Valldal

Stad: Grindløa på Øygarden i Valldal
Tid: Onsdag 6. september kl 12-14
Bålkaffi og vaflar og ein smak på mat frå Ukraina og frukt frå Linge!
Tippekonkurranse og aktivitetar ved friluftsrådet. Vinn premiar! Store og små er velkomne!

Stikk innom Stikk UT!-turmålet på Olavsvegen i Syltemoa, ikkje langt frå grindløa.

NB! Neste naturmøteplass er tysdag 19. september kl 12:00-14:00

Onsdag 6. september: Bålkaffi og bålvafler i Stordal

Stad: Badeplassen ved hamna i Stordal
Tid: Onsdag 6. september kl 13-15
Stordal frivilligsentral og valfagsgruppa Innsats for andre inviterer til Bålkaffi og bålvafler. Alle er velkomne!

Du kan også ta deg ein StikkUT!-tur til moloen og/eller Elvaforbygninga!

 

Lenker

Plakat for Friluftslivets veke i Fjord (PDF, 588 kB)

Stikk UT!- turar i Fjord

Stikk UT!-festival 2023

Friluftslivets veke 2023