Friluftslivets veke i Fjord

Vi feirar friluftslivets veke og Stikk UT! Festival 31. august -8. september. I Fjord vert dette markert med ordførarens tur i Norddal, aktivitetar på naturmøteplassen i Valldal og bålkaffi i hamna i Stordal. Alle er velkomne! Stikk innom!

Tysdag 3. september: Naturmøteplassen i Valldal

dekorativ - Klikk for stort bileteFriluftslivets veke 2023

Stad: Grindløa på Øygarden i Valldal
Tid: tysdag 3. september kl. 12-13.30

Bålkaffi og vaflar og ein smak på mat frå Ukraina og frukt frå Linge!
Tippekonkurranse og aktivitetar ved friluftsrådet. Vinn premiar! Store og små er velkomne!

Stikk innom Stikk UT!-turmålet på Olavsvegen i Syltemoa, ikkje langt frå grindløa.

NB! Neste naturmøteplass er tysdag 17. september kl. 12-13.30.

Tysdag 3. september: Ordførarens tur til Kallskarsætra

Stad: Kallskarsætra, ved Herdalen i Norddal
Tid: tysdag 3. september kl. 18 - ca kl. 21

Bli med ordførar Terese Jemtegård Moen og Tone Løvoll Kleiva frå Eidsdal IL på tur til vakre Kallskarsætra i verdsarvområdet. Sætra ligg omlag halvvegs til Kallskaret naturreservat, som også er StikkUT-turmål.  Sjå turskildringa til Kallskaret på morotur.no

Oppmøte og parkering ved Herdalsosen, ved nausta i nordenden av Herdalsvatnet. Bomveg. Vi oppfordrar til samkøyring då det er avgrensa med parkeringsplassar. Turen tek 2-3 timar inkludert pause på sætra. Turen er i samarbeid med Eidsdal Idrottslag. Atterhald om godt ver.

Vel møtt! Bli med på tur!

Onsdag 4. september: Bålkaffi og vafler i Stordal

Skog, fjell, fjord, bålpanne - Klikk for stort bileteBålkaffi

Stad: Badeplassen ved hamna i Stordal
Tid: Onsdag 4. september kl. 13-14
Stordal frivilligsentral og valfagsgruppa Innsats for andre inviterer til bålkaffi, vafler og ein prat. Alle er velkomne!

Du kan også ta deg ein StikkUT!-tur til moloen og Elvaforbygninga!

Bli med på Stikk UT! - festival

Raudt skilt med StikkUT! i gult. Skog, røsslyng og bregner i bakgrunnen. - Klikk for stort bileteStikk UT! sklit Fjord kommune

31. august – 8. september inviterer friluftsråda i Møre og Romsdal til markering av Friluftslivets veke med ei feiring av Stikk UT! og turglede!

Denne veke er du spesielt oppfordra til å besøke Stikk UT!-turmål. Kvar tur du registrerer er eit lodd, og til fleire fleire turar du går til større er sjanse får du til å vinne ein av dei fine premiane. Trekning måndag 9. september.

Friluftslivets veke 31. august - 8. september

Friluftslivets veke feirar norsk natur og friluftsliv, og inviterer heile Norge til å bli med ut på tur.

Lenker

Stikk UT!-kart

Stikk UT!-festival 2024

Friluftslivets veke 2024