Frivilligmøte
Tid: tysdag 14. april klokka 18.45-20.15
Stad: biblioteket i Valldal og på teams
NB! Møtetidspunktet er tilpassa ferje frå Eidsdal kl.18.30 og frå Linge kl. 20.30.
Tema
1. Kalendermøte – kva skjer i ditt lag no framover?
Samarbeid og samordning. Kan vi få aktivitetskalenderen på nettsidene til kommunen/opplevfjord.no endå meir oppdatert? Kva meiner du om kalenderen? Bruk denne lenka eller ta kontakt med oss: Meld inn arrangement
2. Generasjonsleikane – enkle aktivitetar for idrett og leik, på tvers av aldersgrupper
Ein del av pilotprosjektet ABC for god, psykisk helse. Planlagt til Stordal laurdag 30. mai. Er det nokon som kan bidra?
3. Frivilligfestival - presentasjon av og aktivitet med dei frivillige aktørane i Fjord.
Planlagt til Martin Linge-huset ein laurdag i september. Blir de med?
4. Eventuelt
Har du noko anna å melde til oss eller dei andre frivillige laga?
Frivilligstrategien.
Ressursgruppa for frivilligsentralane
Møtet er i samarbeid med ressursgruppa for frivilligsentralane i Fjord, og dei vil delta på møtet.
Ressursgruppa har desse medlemmane og varamedlemmane som både er frivillige aktørar og folkevalte:
Terese J. Moen (ordførar), Robert Bergerud, Bjørg Sætren Kleppe, Kristen Leganger, Anne Nygård, Einar Hoel, Jens Aklestad, Ester Vinje Nilsen, Bjørnar Midtbust, Wenche Karin Henden, repr. Fjord ungdomsråd
Meir informasjon om frivilligsentralane og ressursgruppa i Fjord kommune
Har du spørsmål, ta kontakt med frivilligsentralane.
Vel møtt!
