Givarglede hjelper alle - gammal som ung - ingen ønsker er for små eller for store.
Til deg som ønskjer å motta ei matkasse
Vi veit at det kan vere vanskeleg å ta kontakt sjølv, så ta gjerne kontakt gjennom nokon andre du kjenner deg trygg på. Eller kanskje du kjenner nokon som har ekstra utfordringar? Det er kjekt å kunne hjelpe akkurat deg litt ekstra i år. Ein annan gong kan det vere du som hjelper nokon andre.
Ta kontakt på e-post snarast og innan 6. desember: frivillig@fjord.kommune.no
Vi treng informasjon om eventuelle allergiar og kor mange personar det er i husstanden. Om det er barn i husstanden treng vi antal og alder på dei.
Vil du støtte Givarglede?
Vipps til 741324 eller bruk kontonummer 3905.15.69184 (Eidsdal-Norddal Røde Kors)
Om privatpersonar, lag og organisasjonar eller bedrifter ønsker å bidra med midlar eller anna - ta gjerne kontakt på e-post: frivillig@fjord.kommune.no
Midlar som eventuelt blir til overs vil bli nytta til matkasser til påske/neste jul, og elles i beredskap til innbyggjarar ved spesielle hendingar.
Om Givarglede
Givarglede var starta til jul i 2021 etter eit privat initiativ, og er eit samarbeid mellom frivillige aktørar og Fjord kommune. Givarglede består av representantar frå Eidsdal-Norddal Røde Kors, Fjord frivilligsentralar og andre frivillige medhjelparar. Vi har også samarbeid med helse, omsorg og velferd i Fjord kommune og med næringslivet.
Teieplikt
Vi er opptatt av personvern, og dette blir tatt i vare.
Givarglede til jul
Julehelsing frå sambygdingar
som ønskjer å gjere ein forskjell
Plakat for Givarglede 2024 (PDF, 178 kB)