Glimt har julegåvetipsa

Har du starta på julehandelen? Glimt aktivitetssenter har mange fine produkt til sals.

Glimt lagar mykje fine produkt for sal, m.a. dørskilt, forkle og t-skjorter med valfritt trykk, handlepose i tøy, tennbrikettar, toalettmapper og bilder med lokale uttrykk.  

Her er mykje aktivitet. Brukarane tek mot kundar og bestillingar, og ferdigstiller desse. Det blir produsert varer som skal selgast på julemesse i Stordal 18. november,  og i julegata i Valldal 2. og 3. desember. Innimellom arbeidsøktene er det kjekt å kose med marsvina. Vi lagar tid til “dei gode stundene” i ein hektisk kvardag.

 

Klikk for stort bilete
Person som kosar med hamster - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Person som tømer tennbrikettar oppi ei kasse - Klikk for stort bilete
Person som står og trykker tekst på gryteklut - Klikk for stort bilete
Bilde av instagram-kontor - Klikk for stort bilete

I tillegg til spennande gåvetips blir du ønskt hjerteleg velkomen av dei som arbeider der. Her er høg trivselsfaktor og god serviceinnstilling. Kom innom for ein hyggeleg handel, eller ta kontakt med arbeidsterapeut hanne.elisabeth.mathiesen@fjord.kommune.no.