Gratisbutikk for kle og sko

Gratisbutikken er eit tilbod til ALLE innbyggjarar i Fjord kommune, der dei som treng det eller ønskjer det kan kome innom og hente kle og sko gratis. Butikken er open tysdag, onsdag og torsdag, eller etter avtale.

Gratisbutikken vert drifta av frivilligsentralen i Fjord og er plassert i lokala til Stordal frivilligsentral i Sandvikgata 30B i Stordal sentrum.

Opningstider frå 15. november

Kle på kleshengar og i hylle, i ulike fargar, fasongar og storleikar. - Klikk for stort bileteGratisbutikken i Fjord FJord kommune

Tysdag kl. 10:00-14:00
Onsdag kl. 18:00-20:00
Torsdag kl 10:00-14:00

Det er også mogleg å kome til butikken utanom opningstid. Ta kontakt med Bjørg på telefon 90529164 for avtale.

Har du noko å gi?

Om du har kle eller sko du vil gi vekk, kan du levere på Stordal frivilligsentral tysdagar og torsdagar klokka 10:00-14:00. Kle og sko skal vere reine og heile og elles i ein slik stand at du sjølv kunne brukt dei. Kle som eventuelt blir til overs vil bli levert til gjenbruk. 
Vi treng også kleshengarar. 

 

Kven står bak gratisbutikken

Frivilligsentralen i Fjord kommmune står bak tiltaket, i samarbeid med elevar som har valfaget Innsats for andre ved Stordal skule og frivillige medhjelparar. 

Ønskjer du å vere frivillig,  så ta kontakt. Vi treng fleire hender!  

Bjørg Jacobsen
Frivilligsentralen/kulturkoordinator
E-post
Telefon 90 52 91 64
Kristi Linge Stakkestad
Folkehelsekoordinator/Frivilligsentralen
E-post
Telefon 41 86 78 06