Hege til UKM-festivalen

Jente attmed eit bilete om heng på ein svart vegg. - Klikk for stort bileteHege Sylte Sæther privat

Kunstnaren Hege Sylte Sæther frå Fjord kommune skal representere Møre og Romsdal under UKM-festivalen i Trondheim i juni. 

Kunstnaren Hege Sylte Sæther frå Fjord kommune skal delta og representere Møre og Romsdal under UKM-festivalen 2023. Denne blir arrangert i Trondheim frå 23. til 27. juni.
Hege deltek med teikninga Tankefull.

Hege, som bur i Stordal, representerte Fjord kommune under fylkesfestivalen i Hustadvika kommune i oktober i fjor, og no er ho altså også klar for UKM-festivalen.

Vi gratulerer!   

Meir om UKM-festivalen finn du her.

Lenke til UKM Møre og Romsdal på facebook.

Hallgeir Hove
Kulturkonsulent/dagleg leiar Stordalshallen
E-post
Telefon 90 94 93 58