Heimevernsøving

I tidsrommet 20.-26. oktober vil soldatar frå Heimevernet øve i Sykkylven, Stranda og Fjord kommune.

Det kan bli militære køyretøy langs vegane og ein kan kunne sjå militært personell rundt om i kommunane desse dagane. Heimevernet kan også utøve noko overvåking og kontrollar langs vegane.

I løpet av øvinga kjem det også til å bli skote med laus ammunisjon i samsvar med krav og reglar. Skarpskyting vil kun foregå på Sykkylven skytebane, og ved skyting vert det heisa raudt flagg på skytebana.

Det kan bli aktivitet heile døgnet.

FORSVARET
Møre og Fjordane Heimevernsdistrikt 11