Helseplattformen er straks på lufta
Siste overflytting av data er snart gjort, og Helseplattforma vert i kveld det nye arbeidsverktøyet for mange i kommunen.
Fredag kveld har det vore markering med gode ord og kake.
Kommunalsjef Jan Ove Gravdal takka alle for flott innsats, og ordførar Terese Jemtegård Moen formidla spenning og forventing til det nye systemet. Prosjektleiar Turid Engeseth Løvoll kjenner på spenninga etter ein intens innspurt for å få alle detaljar på plass. Jan Arve Valderhaug frå eKommune Sunnmøre var også til stades, og sikra at alle tilgangar fungerer som dei skal.
Solveig Linge Stakkestad frå Eldrerådet fekk klippe ei symbolsk snor før det var tid for kaffi og kaker.
Det vil vere høg beredskap i alle ledd i helga for å handtere problem som måtte oppstå i ein oppkøyringsfase.
Publisert 03.11.2023 19.54