Hjelp, eg blir evakuert!

Kva gjer du dersom du må forlate heimen din på kort varsel? Og kor får du informasjon dersom straum, mobilnett og internett er nede? Det får du vite meir om på Ålesund kommune sitt folkemøte om eigenberedskap og evakuering den 1. oktober.

Illustrasjon - Klikk for stort bilete

Torsdag 1. oktober inviterer Ålesund kommune til folkemøtet «Hjelp, jeg blir evakuert!», der du får nyttig kunnskap om eigenberedskap, evakuering og kva som skjer når ei krise oppstår. Møtet er gratis og ope for alle.  

Tid: 1. oktober kl. 18.00-19.30 
Stad: PIR, Keiser Wilhelms gate 22, Ålesund 
Pris: Gratis og ope for alle  

Du kan følgje møtet digitalt.