Informasjonsmøte med Fjord kommune
Kommunen startar opp med opne informasjonsmøte der ordførar og kommuneadministrasjonen tek for seg ulike tema. Første møte er i Stordal torsdag 7. november.
Opne informasjonsmøte
Til liks med dei fleste kommunar i Norge står også Fjord kommune overfor krevjande utfordringar som må løysast gjennom omstillingsprosessar. For å få til gode prosessar må vi vere gode på å informere. Fjord kommune vil derfor starte opp med opne informasjonsmøte der ordførar og kommunedirektør/kommuneadministrasjonen tek for seg ulike tema.
Variasjon i tema og møtestad
Informasjonsmøta vil veksle mellom å bli arrangert i Valldal, Stordal og Eidsdal, og med ulike tema for kvar gong. Her kan alle som vil møte opp for å få informasjon, og det blir også høve til å stille spørsmål og få svar. Vi vil legge vekt på å informere om korleis ein kan medverke og kome med innspel til dei prosessane som er på gang.
Første møte
Torsdag 07. november klokka 18-20 vert det arrangert informasjonsmøte i Grendasalen i Stordalshallen med tema eigedomsskatt, bustadutviklingsprosjekt og pågåande planarbeid. Alle som er interessert i tematikken er velkomne; innbyggjarar, næringsdrivande, fritidsbustadeigarar og andre.
Vel møtt!
Publisert 04.11.2024 08.42
Sist endra 04.12.2024 15.39