Innbyggjarhøyring Liabygda

Statsforvaltaren skal gjennomføre ei innbyggjarundersøking der alle over 16 år som bur i Liabygda får seie si meining.

Stranda eller Fjord?

Du som bur i Liabygda vil få ein telefon frå Opinion i veke 48 eller 49. Dei vil stille deg dette spørsmålet: 

Meiner du at Liabygda skal bli i Stranda kommune slik som i dag, eller bli ein del av Fjord kommune, eller har du ingen meining om dette? 

Nummeret dei vil ringe frå er: 488 41 237 
Dei vil ringe mellom 16.30 og 21.30 på kvardagar og mellom 13.00 og 18.00 i helger. 

Vi vil høyre med alle innbyggjarar, og få vite kva de meiner om saka. 

Takk for at du vil gi ditt svar! 

Meir informasjon finn du på Statsforvalteren i Møre og Romsdal si nettside.