Innspel til handlingsprogram og søknad om spelemidlar 2025

Med mål om mest mogleg aktivitet for pengane fordeler Kulturdepartementet kvart år tilskot frå spelemidlane til anlegg for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv.

Innspel til handlingsprogrammet

idretthall, personar i aktivitet, ballspel,  - Klikk for stort bileteTrening Hallgeir Hove

Anlegg som det skal søkjast om spelemidlar til må vere ein del av kommunen sitt handlingsprogram.
Alle er invitert til å kome med innspel til handlingsprogrammet for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv i Fjord kommune.

Innspela kan vere konkrete og gjeld anlegg planlagt i nær framtid, eller det kan vere eit langsiktig ønskje. Innspela må vere skriftlege og skal sendast til post@fjord.kommune.no
Skriv gjerne litt om bakgrunnen for ønsket. Planen kan rullerast og nye anlegg bli tatt inn kvart år dersom det oppstår behov for det.

Frist for å kome med nye innspel til handlingsprogrammet for 2021 – 2025 er 1. oktober 2024

Handlingsprogram 2021-2025

Anlegga som allereie ligg inne i handlingsprogrammet, vert automatisk vidareført.
Her finn du Fjord kommune sitt handlingsprogram for 2021 - 2025. (PDF, 211 kB)

Desse anlegga i Fjord fekk tildeling i 2024:

  • Fjord kommune: Idrettshallen i Martin Linge-huset (Norddal fleirbrukshall) kr 3 233 000. Tredje og siste tildeling av totalt kr 9 700 000
  • Valldal IL: skilting og merking av turstiar i Valldal, kr 300 000

Søknadsfrist for spelemidlar  

Frå og med søknadsåret 2020 er idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning tatt vekk frå ordninga. Søkjar må sjølv syte for at søknaden tilfredsstiller dei krav som ligg i gjeldande regelverk for spelemidlane. Ta kontakt med kommunen i god tid på førehand for rettleiing og hjelp til søknaden.

Søknadsfrist for å søkje om spelemidlar for 2025 er 15. oktober 2024

Dette gjeld både ny, fornya og gjentatt søknad.

Korleis søke

Søknaden skal leggjast inn i anleggsregisteret.no. Her finn du også meir informasjon om korleis ein søkjer, og kva vilkår og krav som vert stilt til søknaden.

Etter 15. oktober vert dei innkomne søknadane gjennomgått av kommunen og søkjar får høve til å ettersende eventuelt manglande vedlegg eller informasjon. Alle søknadane vert sendt vidare frå oss til Møre og Romsdal fylkeskommune innan 15. januar 2025. 

Fjord kommune vedtek prioritert handlingsprogram etter innspel frå Fjord idrettsråd.
Vedtak for 2024 vert gjort i siste kommunestyremøte i 2023.

Ta kontakt for spørsmål.

Hallgeir Hove
Kulturkonsulent/dagleg leiar Stordalshallen
E-post
Telefon 90 94 93 58
Kristi Linge Stakkestad
Folkehelsekoordinator/Frivilligsentralen
E-post
Telefon 41 86 78 06