Invitasjon til frivilligfeiring

5. desember er FN sin dag for frivillig arbeid. Dette er ei markering for alle som gjer ein frivillig innsats i lokalsamfunn over heile verda. Du som er frivillig i Fjord kommune er med dette invitert til feiring av denne dagen!

Representantar for frivillige lag vert invitert til frivilligforum på
Blåtind Boutiqe Hotel måndag 5. desember kl. 19.


Sparebanken Møre bidreg økonomisk, slik at vi kan by på biffgryte med påfølgjande kaffi.

Sakliste

  • Runde rundt bordet - kva arbeider laga med no for tida
  • Kommuneplanen sin samfunnsdel – korleis kan vi arbeide i lag, v/ordførar Eva Hove
  • Kulturplan under arbeid – korleis synleggjere og involvere frivilligheita
  • Opplevfjord.no – nettside, facebook og instagram – felles plattform for alle
  • UNG kunst og kultur
  • Eventuelle saker som de ønskjer å ta opp

Påmeldingsfrist er torsdag 1. desember.

Vi set stor pris på om mange vil delta på denne feiringa! I utgangspunktet har vi fått sponsorstøtte som dekkjer servering for 1-3 personar pr lag, men dette er avhengig av kor mange som melder seg på. Det kan kome til ein eigenandel på kr 395 pr deltakar om laget vil melde på fleire enn dette. I så fall vil vi ta kontakt når fristen er utgått. Ta kontakt om de har spørsmål.

Velkomen!
 

Sjå invitasjonen her (PDF, 223 kB)
Invitasjon er også sendt på e-post.

Les meir om 

FN sin dag for frivillig arbeid

Frivilligheita sitt år 2022

Bjørg Jacobsen
Stordal frivilligsentral/kulturkoordinator
E-post
Telefon 90 52 91 64
Kristi Linge Stakkestad
Folkehelsekoordinator/Valldal frivilligsentral
E-post
Telefon 41 86 78 06