Jon på topp!

Sommarsesongen til Stikk UT! er over, og turmåla i Fjord kan notere over 22 000 registreringar. På topp blant deltakarane i kommunen vår finn vi Jon Haraldsvik frå Stordal med 267 registreringar.

Jon er ein ivrig turgåar

Ein mann i turklede i naturen, raudt og gult skilt med tittel Stikk UT! - Klikk for stort bileteJon Haraldsvik har mange registreringar i StikkUT! Hallgeir Hove

Jon Haraldsvik er 89 år og har flest registreringar blant Fjord kommune sine deltakarar i Stikk UT! denne sesongen. Jon har vore ein ivrig turgåar heilt sidan han gjekk av med pensjon, og han finn stor glede i å vere aktiv og halde seg i form. 

Så lenge veret ikkje er alt for dårleg går Jon ein tur på heile 8,5 km kvar dag. Han brukar rundt to timar på turen. I tillegg til dette får han med seg seniortrimmen i Stordalshallen kvar tysdag, og han er fast deltakar på herreklubben på frivilligsentralen kvar måndag og fredag. 

Nærturane er viktige

Jon brukar nærturane i Stordal, og i år har han heile 95 registreringar til Moloen og nesten like mange til Elvaforbygninga og Grigås natursti. Vi er imponert over dette sidan naturstien har bratt stigning på til saman 145 høgdemeter! I tillegg har han gått dei bratte bakkane opp til Mosætra tre gongar, og han har også sjekka inn på Bedringens veg og Olavsvegen i Valldal.

Jon trur at turgåinga er grunnen til at han held seg i form. Han er eit godt døme på aktive eldre i kommunen vår. Vi er imponert over alderen og innsatsen og oppmodar alle andre, både unge og eldre, til å gjere som Jon og ta seg ein tur ut til ein Stikk UT!-post eller eit anna turmål!

Kvardagsturen er vinnaren i årets Stikk UT! 

Årets tal viser at Stikk UT! inspirerer og får folk ut på tur gjennom heile veka! I løpet av sommaren har 46 000 turgåarar registrert godt over 900 000 Stikk UT!-turar i Møre og Romsdal og Heim. 22 000 av desse turane er registrert på 32 turmål i Fjord kommune. 

Folk går på tur alle dagar, med ein liten topp på søndagar. Fleirtalet av turane er enkle, med grøn gradering.

Kampen mot sofaen

Dørstokkmila er vanskeleg å komme seg over for mange, og derfor er kvardagsaktiviteten i Stikk UT! som skapt for å komme seg over dørstokkmila og ut av sofaen. Vi skal fortsette å jobbe for nærturar, turar til gapahukar og trillevenlege turmål. Samstundes er det fint å tilby fine turmål for dei som vil strekke seg litt meir. Det store talet på deltakarar viser at Stikk UT! er eit svært populært folkehelsetiltak i regionen. 

Les pressemeldinga for Stikk UT!-sesongen 2024 (PDF, 189 kB)

Raudt skilt med StikkUT! i gult. Skog, røsslyng og bregner i bakgrunnen. - Klikk for stort bileteStikk UT! sklit Fjord kommune

Takk til grunneigarar og frivillige medhjelparar

Det er friluftsråda i fylket som står bak Stikk UT!, i samarbeid med kommunane. Totalt har det vore 570 turmål å velje mellom, og vi rettar ei spesiell takk til alle grunneigarar og frivillige medhjelparar for det gode arbeidet dei legg ned for å lage fine og varierte turmål.

Stikk UT! vinter startar 1. desember

Det er åtte vinterfotturar og om lag like mange skiturar i Fjord. Vel møtt til ein ny vintersesong!


Meir informasjon om Stikk UT! finn du på nettsida