Julehelsing frå ordførar og varaordførar

Dette er vår første julehelsing til dykk som ordførar og varaordførar i Fjord kommune. Vi vil takke for tilliten vi fekk ved valet i haust, dette er ei oppgåve som vi har tatt på oss med stor respekt og audmjukheit. 

10. februar i år vedtok Fjord kommunestyre sin første samfunnsdel av kommuneplanen. Kommuneplanen er Fjord kommune sitt overordna styringsdokument, og skal sette retning for utviklinga av kommunen fram til 2033. Her er det sett fire langsiktige hovedmål for utviklinga både som samfunn og organisasjon:

  • Vidareutvikle det gode livet
  • Arbeide saman om ei balansert forvaltning av naturen
  • Skape gode vekstvilkår for eit berekraftig næringsliv – miljømessig, sosialt og økonomisk
  • Vere ein handlekraftig og innovativ kommune som utviklar framtidsretta tenester.


Samfunnet vårt endrar seg heile tida – og endringstakta er stadig raskare. Dette er krevjande for oss, sidan det tek tid å omstille seg. Folketalsutviklinga er ein faktor som gjer at vi må tenkje nytt. Det vert fødd færre born i alle bygdene våre, medan gruppa eldre aukar. Dette vil få konsekvensar for korleis vi innrettar tenestene våre. Uansett skal det vere ei høgt prioritert oppgåve for kommunen at dei som bur her skal trivast og ha det godt. Det må jobbast godt på fleire område, og ein aktiv nærings- og bustadpolitikk er svært viktig.

Planarbeid i 2024

Ein grundig gjennomarbeidd og godt forankra samfunnsdel peikar på at vi må vise vilje til endring. Vi kan ikkje halde fram slik vi har gjort. Det er ikkje berekraftig, og det er vi alle enige om. Noko av det første som skal skje i 2024 er at det skal utarbeidast langsiktige planar for Oppvekst og Helse, velferd og omsorg. På same måte som prosessen for samfunnsdelen skal dette vere ein godt planlagt og gjennomført prosess som legg opp til god medverking frå både folkevalde og tilsette. Vi oppmodar alle om å følgje godt med og engasjere seg i utforminga av desse planane, både gjennom innspel til dei folkevalde, og gjennom kanalane og organa som dei tilsette har.

To personar ser inn i kamera - Klikk for stort bilete

Vi veit at det er ei krevjande tid for både innbyggjarar, kommunen og bedrifter med auka prisar og renter. På mange måtar er det bra at forbruket vårt kjem ned på eit meir berekraftig nivå, men det er også mange som har for lite å rutte med, og opplever det svært krevjande å få endane til å møtast. Vi er glade for at frivillige og bedrifter stiller opp for å kunne dele ut matkasser til dei som treng det no til jul, men det må jobbast vidare med å stille opp for dei som vert ramma hardast av den høge prisstigninga. Heldigvis så er det tegn som tyder på at prisstiginga flatar ut, og at det er sannsynleg at det kjem rentekutt i 2024. 

Vi vil med dette ønske alle tilsette og innbyggjarar i Fjord kommune ei riktig god jul, og eit godt nytt år!

Med helsing 
Ordførar Terese Jemtegård Moen 
Varaordførar Jens Aklestad