Kadaversøk med hund

Kvart år vert mange beitedyr drepne av jerv. For dei som har dyra sine på beite er det viktig å avdekke tidleg når det har vore eit åtak, for at det skal kunne setjast i verk tiltak.  Fjord kommune har tilbod om opplæring av hund i kadaversøk.

Kadaversøk - gratis opplæring av hund

Fjord kommune vil i slutten av mai og eventuelt utover året arrangere kurs for kadaversøk med hund. Kurset består av ein teoretisk del på to timar, ein øvingsdel og eksamen. Før eksamen lyt ekvipasjen ha 30 timar med eigentrening. 

Opplæringa er individuell, og instruktør vert bestilt så fort det er mange nok som har meldt interesse. Første høve er rett over pinse. Vi ønskjer at alle som er interesserte tek kontakt no, sjølv om du ikkje har tid før seinare.

Om kurset

Det er mogleg å delta på teoridelen utan å melde seg på resten. Kurset er gratis, men det er forventa at ein deltek i kadaversøk for beitebrukarar som har behov for det. Det vert betalt ut honorar for søk så lenge kommunen får stønad til dette frå Statsforvaltaren/Miljødirektoratet. Om stønadsordninga held fram, kan det verte sett krav om deltaking i søk for at kurset skal vere gratis.

Bruk av jakthund til kadaversøk

I fylgje vår kontaktperson i Norske kadaverhunder, vil det vera uproblematisk å bruka jakthundar dersom ein gjer det på rett måte. 

Les meir om organisasjonen Norske kadaverhunder på nettsida deira

Kontakt

Ta kontakt med landbrukssjefen for meir informasjon. 

Arvid Berge
Landbrukssjef
E-post
Mobil 41 86 79 26