Kva er forliksrådet?
Forliksrådet er det lågaste leddet i rettssystemet for sivile saker og speler ei viktig rolle i samfunnet.
I møta deltek tre medlemmar/dommarar. Rådet behandlar sivile tvistar, slik som til dømes krav om betaling, gjeldskrav, tvistar om avtalar og i naboforhold.
Rådet søker å løyse tvistar gjennom mekling, men kan avseie dom i nokre høve. Partane i forliksrådet må ikkje bruke advokat, men det er høve til det for den som vil.
Kven kan vere medlem?
For å vere med må du ha fylt 25 år, ha alminneleg god samfunnsmessig kunnskap, og meistre norsk skriftleg og munnleg. Du treng ikkje å vere busett i kommunen. Du må rekne med møte omlag ein gong i veka og du får betalt for kvart møte du deltek i. Før oppstart planlegg Statens Sivilrettsforvaltning innføringskurs for nye medlemmar, og det er planlagt fysiske samlingar i 2025.
Her kan du lese Namsfogden i Ålesund sin eigen artikkel om temaet
Er du interessert?
Frist for å melde interesse er 19. august.
Meld di interesse
MERK!
Frå 2021 har Ålesund, Giske og Fjord kommunar hatt felles forliksråd. Det er enno ikkje avgjort politisk om Fjord kommune skal ta del i felles forliksråd eller ha eige. Sak om felles forliksråd og val av medlemmar skal behandlast av formannskapet og kommunestyret. Uavhengig av vedtak kan du melde interesse til Namsfogden no og bli vurdert når medlemmer veljast.
Om du har spørsmål om vervet kan du sende ein e-post til Namsfogden.Alesund@politiet.no.
Les meir om forliksrådet