Pressemelding frå Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal og Sunnmøre friluftsråd:
Håp om fine turdagar og stort engasjement
- Mange har nok store forventningar til årets sesong, spesielt håpar nok mange på betre vêr og fleire fine turdagar enn i fjor, seier Liv Synnøve Hoel i Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal, som er prosjektleder for Stikk UT!
- Engasjementet rundt Stikk UT! er enormt og vi er veldig stolte av at regionen vår tronar øvst i landet når det gjeld å gå på tur. At så mange registrerer turane dei går, gjer at vi kan satse endå meir på å gjere gode turopplevingar tilgjengeleg for fleire, seier Hilde Ellingsæter i Sunnmøre friluftsråd, som er ansvarleg for Stikk UT! på Sunnmøre.
I årets kartbrosjyre, som i desse dager kjem i postkassene til innbyggarane i regionen, inviterer friluftsråda alle ut på tur.
Kos deg på tur
- Vi oppfordrar alle til å nyte turlivet litt ekstra denne sesongen; enten det er å gå på tur saman med nokon, nyte ein god matpakke på turen, lytte til fuglesang eller ta eit bad i eit fjellvatn. Gode møte mellom menneske og naturen fremmar helse og livskvalitet, og vi trur at dess meir folk kosar seg på tur dess meir lyst får dei også til å gjere ein innsats for å ta vare på dei verdifulle områda vi ferdast i, seier Liv Synnøve Hoel.
Sporlaus ferdsel
- Vi ønsker å framheve kor viktig det er å ta omsyn, ha hunden i band og halde avstand til beitedyr. Å ferdast utan å etterlate spor er også viktig; alle kan bidra til at naturen vår skal vere like vakker og tilgjengelig i åra som kjem, oppfordrar Ellingsæter.
No i starten vil det vere mykje snø mange stadar, så hugs å sjekke kva for turar som har utsett opning i turomtalane i Stikk UT!-appen eller på stikkut.no.
Ny funksjon i Stikk UT!-appen
I årets sesong blir ein ny funksjon i Stikk UT!-appen lansert. Denne lar deg logge turane du går, både Stikk UT!-turar og andre turar. Desse kan du lagre for deg sjølv og også dele med andre om du vil.
- Her trur vi mange vil finne god motivasjon til å både logge aktivitet i kvardagen og dele turar dei har vore på for å inspirere andre. Målet er å få fleire til å oppleve gleda ved å ferdast ute, enten det er å gå og sykle til og frå jobb, eller å gå til eit Stikk UT! turmål, sier Ellingsæter og Hoel.
I heile fylket
Stikk UT! blir arrangert i samarbeid med dei 26 kommunane i Møre og Romsdal og Heim i Trøndelag. Saman med hundrevis av frivillege tilrettelegg dei for over 500 turmål denne sesongen.
Fakta om Stikk UT!
Stikk UT! er ein turtrim der ein kan registrere dei turane som er plukka ut til å vere turmål denne sesongen. Det er gratis å delta, ein lastar ned appen og opprettar ein brukar, så registrerer ein koden som finns på kvart turmål. Går du meir enn sju turar kan du kjøpe deg din eigen Stikk UT!-premie. Sesongen varer fra 1. mai til 31. oktober.
Du kan registrere deg, finne turomtalar, sjå topplister og anna informasjon på stikkut.no
Her er oversikta over alle 521 StikkUT!-turmål 2023 (PDF, 65 kB)
På denne lenka finn du turmåla for Fjord
Turkalender for Sunnmøre og Vestnes 2023 (PDF, 5 MB)
God tur! Stikk UT!