Kultur i haustmørket

Fjord kommune har invitert til fleire kulturhendingar den siste tida. Stikkord er seniorkino, fjordapresten og forfattarbesøk. Det har vore interessante tema og godt oppmøte.

Kulturkafe

Prosjekt Leve heile livet i Fjord invitererte til kulturkafe med tre arrangement rundt om i bygdene våre i veke 44. Kulturkafe er gratis og ope for alle. Det er underhaldning av ulikt slag, enkel servering og tilbod om gratis skyss til og frå. Kulturkafe er finansiert med midlar frå Helsedirektoratet.

Fjordapresten

Måndag 28. oktober fekk vi eit hyggeleg møte med Ann Kristin Langeland i kjellarstova på omsorgsbustaden i Eidsdal. Ho viste bilde og fortalte frå livet som sokneprest på farten mellom Stordal og Sunnylven, og ho kan med rette kalle seg ein fjordaprest.

Ferjefolket - med Halvor Folgerø

Onsdag 30. oktober fekk vi forfattarbesøk av Halvor Folgerø på frivilligsentralen i Stordal. Folgerø viste bilde og fortalde hendingar frå den nye boka si “Ferjefolket”, eit aktuelt tema for folk på indre Sunnmøre.  Vi fekk høyre historier om fjordar og havstrekk, glade billettørar, stolte kapteinar, kvardagsliv og komikk, dramatikk og ulykker.  Vi fekk også vår lokale ferje-Svein (Smoge) si oppskrift på sveler med ein hemmeleg ingrediens! Denne dagen vart det servert vaflar, og fleire lokale ferjefolk kjente seg spesielt godt igjen og møtte opp og sikra seg ei signert bok. 
Forfattarbesøket var i samarbeid med Litteraturhus Møre og Romsdal.

Seniorkino: Nr. 24

Fredag 1. november inviterte vi til seniorkino med premiere av filmen Nr. 24 - på raud løpar, med mozell i stettaglas og lefserullar. Bygdekinoen viste den gripande og spennande filmen om eit av noregshistorias viktigaste og mest unike liv, historia om Gunnar «Kjakan» Sønsteby som aldri gav opp det utrøyttelege arbeidet sitt for fred og demokrati.

Der ingen var einsam - med Arill Riise

Onsdag 13. november var det forfattarbesøk på rådhuset i Valldal. Arill Riise kome for å fortelje om den nye boka si “Der ingen var einsam. Klyngetunet som vart utsletta. Han teikna eit levande bilde av oppveksten i klyngetunet på Rise på Sæbø på 1960-talet og fram til raset som utsletta tunet i 1968 og han sjølv blei begrad under snømassane. Det var mange som kjente seg att i kvardagsskildringane og lydklippa med “Gryta hennar mor” og radiomelding frå fiskeribanken og som kjøpte seg ei signert bok med heimatt. 
Forfattarbesøket var i samarbeid med Litteraturhus Møre og Romsdal.

Godt oppmøte

Det har vore interessante tema og godt oppmøte på samlingane. Vi planlegg å gjenta tilbodet om kulturkafe.