Kulturprisen 2022

Gunnar Inge og Carolin Eide ved orgelet i Norddal kyrkje - Klikk for stort bileteGunnar Inge og Carolin Eide Storfjordnytt

Vi gratulerer Gunnar Inge og Carolin Eide med tildeling av Fjord kommune sin kulturpris for 2022.

Pressemelding

Fjord kommune har tildelt ekteparet Gunnar Inge og Carolin Eide kulturprisen for 2022. Dette vart bestemt då formannskapet hadde saka til avgjerd sist torsdag.

I retningslinene for tildeling av kulturprisen, kan ein lese at prisen kan tildelast einskildpersonar eller grupper av personar, herunder lag og organisasjonar, som over lang tid har vist vilje og evne til å yte ein aktiv kulturinnsats. 

Gunnar Inge og Carolin fyller så avgjort dei vilkåra som retningslinene trekkjer opp. Innsatsen desse to legg ned for kultur- og musikklivet i kommunen, er ekstraordinær. Dei har ofte ein finger med i spelet i mange arrangement i eigen kommune. I tillegg er dei også ofte med på arrangement i nabokommunane. I tillegg til å ta initiativ til konsertar, sparer ekteparet seg heller ikkje når det gjeld å legge ned mange timar dugnadsarbeid. Både når det gjeld det musikalske og når det gjeld den praktiske tilrettelegginga, er ekteparet godt synleg og tar sin del av jobben – og vel så det!

Tid og stad for overrekkinga vil verte bestemt i samråd med prisvinnarane.

Eva Hove, ordførar