Kva skjer i bygdene i Fjord?Lytt til tekstenStopp avspillingKommunen vår har eit rikt kulturliv, og vi ønskjer å spegle dette gjennom aktivitetskalenderen som ligg på nettsida her og på nettsida til Opplev Fjord. Meld inn arrangement og bruk kalenderen til å finne ut kva som skjer!Meld inn arrangementAktivitetar, møte og kulturarrangement som er opne for alle kan meldast inn til kalenderen. Bedrifter kan også bruke kalenderen. Innmeldinga gjer du enkelt via dette skjemaet som du finn på nettsida opplevfjord.noKvifor skal vi bruke kalenderen?Ved å bruke kalenderen får alle innbyggjarar tilgang til informasjon om arrangementet ditt, og det kan bli eit større publikum eller fleire deltakarar. Når vi veit om kva som skjer kan det også hindre møtekollisjon. Bruk kalenderen når du skal planlegge ein aktivitet!Meld inn i god tidMeld gjerne inn planlagte aktivitetar for både sommar og haust allereie no. Så snart dato og tittel for arrangementet er klart så send det til oss, så kan vi eventuelt fylle på med meir informasjon etterkvart.Lag og organisasjonar kan gjerne sende årsplanen til oss på e-postadressa frivillig@fjord.kommune.noKvar finn du kalenderen?Aktivitetskalenderen ligg på framsida av desse to nettsidene:Fjord kommune Opplev Fjord i Fjord kommuneSpørsmål?Kontakt frivilligsentralane eller servicetorget om de har spørsmål som gjeld aktivitetskalenderen. Publisert 09.02.2024 09.24 Sist endra 07.01.2025 11.49