Vi ser at mangel på attraktive bustader er ei utfordring i alle bygdelag i kommunen. Dette går også tydleg fram av kommuneplanen sin samfunnsdel. Dette vil kommunen gjere noko med ved å starte prosjektet for å auke tilgangen på attraktive og oppretthalde folketal og bulyst.
Hovudinstrumentet vil vere eit offentleg - privat utviklingsprosjekt med fokus på å avklare ulike behov for bustader. Ein vil i ulike former legge til rette for at ein skal kunne kjøpe, selge og leige bustader. I den samanheng vil ein teste ut ulike organiseringsformer. Ein skal sjå om det eventuelt kan etablerast borettslag, og i samarbeid med næringsaktørar etablere AS for å kjøpe bustader i utbyggingsprosjekt slik at det kan realisert bygging av fleire bustader. Utfordre ulike aktørar om å investere i bustadprosjekt.
Eit hovedmål vil vere å få eit «kundefokus» der ein eller fleire private aktørar samordnar behovet i kommunen inn i mot utbyggjarar.
Det skal vere ei heilskapleg og omfattande satsing på etablering og tilpassing av heilårsbustader, og utforsking av ulike bukonsept - td minihusutbygging. Ein skal prøve å samordne private og offentlege behov på ein måte som utløyser midlar frå Husbanken i form av tilskot og lån.
Prosjektet skal utviklast i ein partnarskap mellom kommunen, næringslivet og innbyggjarane.
Utviklingsprosjektet har vore presentert for Møre og Romsdal fylke, Distriktssenteret og Husbanken. Alle desse finn prosjektet interessant, og bidreg med ressursar og midlar. Prosjektet vil gå over to år i første omgang.
Vi treng ein dyktig prosjektleiar til å drive dette prosjeket framover - kanskje det er du? Etter sommarferien blir det sett ned ei styringsgruppe og laga prosjektskisse. Det kjem meir informasjon og invitasjon til involvering i dette viktige lokalsamfunnsprosjektet.
Les stillingsannonsa her
Søk på stillinga her
Søknadsfrist er 4. august.