Markering nye basestasjonar

Nye mobilmaster på Døving og i Eidsdal sentrum er no sett i drift, og dette vil bli markert 12. desember.

Bilde av mobil - Klikk for stort bilete

I august 2022 signerte Fjord kommune og Telenor Norge intensjonsavtale om samarbeidsprosjekt for utbetring av mobildekning i områda Eidsdal og Døving. Intensjonsavtalen innebar at kommunen sørga for nødvendig godkjenning frå grunneigar, og framføring av kraft til basestasjonsutstyr. Telenor etablerte antenner, kablar, samband og radioutstyr.

Eidsdal sentrum vart sett i drift 26. oktober, og Døving 8. november. 

Vi inviterer alle til å vere med på markeringa 12. desember:

Kl. 1000 – Markering på tunet hos Jan Gunnar Døving i Valldal
Kl. 1100 - Markering på Sjøkanten i Eidsdal. Kaffi og kaker