MOTbakken til Mosætra

Bli med på ein familievenleg MOTbakketur til Mosætra laurdag 19. september. Det blir også MOT-bakkeløp!

Bli med på MOTbakken til Mosætra!

Bli med på ein kjekk familietur til MO(T)sætra laurdag 19.september. Møt på eventyrskikkelsar på veg opp - bensinstasjon halvvegs med frukt frå Joker - loddtrekning blant alle deltakarar - bålpanne på toppen - aktivitetar og leikar

Kvar går turen?

Turen startar frå Mo i Stordal og går oppover 1,6 km og ca 370 høgdemeter. Dette er nok eit av dei meste populære turmåla i Stordal. Det er motbakke heile vegen, men det er i motbakke det går oppover! For ein småbarnsfamilie så kan dun rekne ca 1,5 timar opp, med mange pausar undervegs inkludert.

Starttider

Start familietur klokka 10

Start konkurranseklasse i MOT-bakkeløpet klokka 12

Vil du komme deg fort opp på toppen? 

Då kan du melde deg på konkurranseklassa til MOTbakkeløpet.

Offisielle løyperekordar

damer: Ingeborg Synstnes Hole 15:30 min
herrer: Hans Martin Gjedrem 15:21 min

Velkomen - vi håper du blir med!

Maria Dvergsdal
MOT-coach
Robin Høiberg Aasen
MOT-coach
Bjørg Jacobsen
Stordal frivilligsentral/kulturkoordinator/bibliotek
Telefon 90 52 91 64
portrett - Klikk for stort bilete