Tysdag 5. november var ungdomsrådet samla til møte i Stordal. Første del var dialog med politiet om korleis det er å vere ung i kommunen.
Eit engasjert og reflektert ungdomsråd kom med mange gode tankar og innspel til korleis kommunen kan bli endå betre og tryggare for alle som veks opp her. Ungdomsrådet ønskte mellom anna at politiet er meir synleg til stades gjennom besøk i bygdene og på skulane.
Deretter var det ordinært ungdomsrådmøte med ein del planar som skulle orienterast om og lagast uttale til.
Publisert 06.11.2024 14.55
Sist endra 06.11.2024 14.55