Naturtypekartlegging i Fjord
Frå mai til oktober gjennomfører Miljødirektoratet ei omfattande kartlegging av naturtypar i utvalde område i Møre og Romsdal. For Fjord kommune gjeld dette eit område i Nørdalen i Stordal.
Kvifor kartlegging av naturtypar?
Formålet med kartlegginga er å skaffe solid dokumentasjon om naturen. Denne dokumentasjonen kan blant anna brukast i arealplanlegging for å ta naturomsyn tidleg i slike prosessar. Kartlegginga er òg nyttig for grunneigarar som ønskjer å søkje om tilskot til tiltak for truga natur og kulturlandskap.
Grunneigarar kan ta kontakt
Området som vert kartlagt i Fjord er i Nørddalen frå Seljebotnen og nordover mot Dyrdalen, Innfjordelva og Jolbotselva.
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal oppmodar grunneigarar i dei aktuelle områda til å ta kontakt dersom det er særlege omsyn som bør takast på dykkar eigedom under kartlegginga. Om ønskjeleg kan kommunen ved plan- og miljøavdelinga hjelpe med å sende denne informasjonen til Statsforvaltaren.
Meir informasjon om kartlegginga og kva som blir kartlagt finn du hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
Publisert 13.05.2024 08.40
Sist endra 13.05.2024 08.43