Det er heile tida aktivitet i kommunen rundt tilsettingar i faste stillingar og i vikariat.
Fleire i kommunen er på veg inn i pensjonistlivet, og må erstattast på ein eller anna måte. Dei som sluttar er tilsette som har hatt varierande arbeidslengde i kommunen. Nokre har vore her eit par år, mendan andre har bikka 40 års teneste i kommunen. Uansett alder og stilling har vi behov for å erstatte dei med nytt kvalifisert personale, eller fordele oppgåvene internt.
Tilsettingar sidan september:
- Kristian Dirdal – kommunespykolog (oppstart 02.01.2023)
- Siv Ingeborg Støvreide – Demenskoordinator (oppstart februar 2023)
- Sverre Bjørn-Nielsen – Biblioteksjef (oppstart 12.12.2022)
- Angela Rozek – Reinhaldar
- Einar Hoel – Fagleiar rekneskap
- Kommuneplanleggar – Terje Systad (konstituert leiar Plan- og miljø). Oppstart i stillinga når ein har ny landbrukssjef på plass
- Norunn Katrine Rødal – Helsefagarbeidar Fjord habilitering avd. Valldal
- Solveig Støversten – Helsefagarbeidar Fjord habilitering avd. Valldal (vikariat)
- Annbjørg Øye – Helsefagarbeidar PLO Valldal – (oppstart januar 2023)
I tillegg er det fleire stillingar det skal gjerast tilsetting i (byggesaksbehandlar, landbrukssjef og brannmannskap).
Vi har fleire stillingar ute, som det er verdt å sjekke ut (sjukepleiar, fastlege, ingeniør kommunalteknikk og tilkallingsvikarar).
Publisert 30.11.2022 11.33