Nytt barnehageår og nye avdelingar
Syltebøen barnehage startar nytt barnehageår med to heilt nye avdelingar for dei minste barna. Dei nye avdelingane er lyse og trivelege og har fått namna Vardefjellet og Ruggå.
Barnehagen samla igjen
Syltebøen barnehage byrjar det nye barnehageåret med to heilt nye avdelingar tilrettelagt for barn i aldersgruppa 1 -3 år. Dei nye avdelingane har som dei eksisterande fått namn etter lokale stadar, Vardefjellet og Ruggå.
Dei siste åra har det vore for lite plass i barnehagen, og det har vore midlertidige avdelingar både i lokala til Elvetun (nabobygninga) og på Martin Linge-huset. Det er difor godt å få samla alle barn og personale på same stad igjen, og i tilrettelagde bygg. Dei nye lokala er lyse og trivelege. Dette er eit eit midlertidig modulbygg fram til det blir bygd ny barnehage. Syltebøen barnehage har no fire avdelingar, og dette halvåret er det 49 barn. Frå neste haust ser det ut til å bli over 60 barn.
Ny personalavdeling
Inne i den opphavelege barnehagen held framleis avdelingane for store barn til på Valldøla og Syltefjellet. Ein del av det tidlegare avdelingsarealet er omgjort til personalavdeling, noko det var eit stort behov for. No har personalet i Syltebøen også fått garderobar, fleire toalett og eit skikkeleg pauserom.
Uteområdet
Det blir også gjort forbetringar på uteleikeplassen. Gamle leikestativ blir bytt ut med nye og det blir ein triveleg plass i tilknyting til dei nye avdelingane.
Godt samarbeid
Godt samarbeid mellom styrar i barnehagen, teknisk etat og Djønne modular har gjort at tidsplanen vart halde, og dei nye avdelingane kunne godkjennast til barnehagestart.
Publisert 19.08.2024 14.55
Sist endra 21.08.2024 16.00