Nytt frå biblioteket

Frå september er det endra opningstider på biblioteket i Valldal. No kan du stikke innom biblioteket også torsdag ettermiddag. Mange nye bøker har vi også fått inn. Velkomen!

Ny medarbeidar

dame, bøker, bokhylle  - Klikk for stort bileteTrine på biblioteket

No treff du Trine Nordaunet Berge biblioteka i Eidsdal og Valldal. Ho bur i Eidsdal og mange kjenner henne som eigar av Regnbogebuda. No er det bøker det handlar om, og ho ønskjer alle velkomen innom!

Nye bøker

Mange nye bøker er registrert inn og gjort klar for deg som lånar. Og ønskjer du ei bok som vi ikkje har i hyllene så er det berre å seie frå så bestiller vi for deg!

Sal av barnebøker og musikk

I haust har biblioteka i Eidsdal og Valldal har sal av brukte barnebøker. Biblioteket i Stordal har sal av brukte CD-ar med musikk for vaksne. 

Opningstider på biblioteka

Bøker i hylle - Klikk for stort bileteNye bøker

Eidsdal

Onsdag kl. 12-18

Stordal

Måndag kl. 17.30 - 19.30
Tysdag kl. 10 - 15
Onsdag kl. 11.30 - 19.00

Valldal 

Tysdag kl. 11-16
Torsdag kl. 14-18
Fredag kl. 10-16