Nytt modulbygg ved Syltebøen barnehage

Kommunen er no i gang med førebuande arbeid for plassering av modulbygg ved Syltebøen barnehage.

Bilde av parkeringsplass - Klikk for stort bilete

Bygga blir plasserte på den asfalterte plassen ved inngangen til Syltebøen, og skal tene som mellombels løysing.

Desse skal huse to småbarnsavdelingar med tolv barn og fire tilsette i kvar. I tillegg blir der nytt vognrom med plass til 20 barnevogner.

Bygga blir produserte ferdige i modular på fabrikk av leverandøren Djønne modul AS og blir frakta til Valldal med båt kring 10.juli. Dei blir så monterte ved på byggeplass og skal vere klar til bruk ved inngangen til nytt barnehageår i august. 

Situasjonsplan (PDF, 269 kB)
Teikning fasade (PDF, 749 kB)