Ope møte om tenestetilbodet i Fjord kommune

Vi har registrert spørsmål knytt til tenestetilbodet i kommunen, og inviterer til ope møte på Grendasalen i Stordalshallen tirsdag 14. november kl. 17 .

Eit kommunesklit langs ein veg. gule huastfargar. - Klikk for stort bileteIllustrasjon kls

Mellom anna vart kommunen invitert til å svare på ope brev i Storfjordnytt 5. oktober.

Tenestetilbodet er viktig for innbyggjarane. Det er viktig med informasjon og drøftingar rundt korleis vi har i dag, og korleis det vil bli framover. Kommunen ønskjer difor å invitere til ope møte for å informere om tenestetilbodet og utfordringar som vi møter i tida framover. 

Frå kommunen stiller kommunedirektøren og leiargruppa.