På sporet av Heilag-Olav

Prosjekt Valldal 2029 invterer til temakveld på biblioteket i Valldal tysdag 30. januar kl 18. Tema er tv-serien «I kjølvannet av Olav den hellige».  Alle er velkomne til å delta!

Med TV Sunnmøre LIVE på sporet av Heilag-Olav 

Tema for kvelden er TV-serien «I kjølvannet av Olav den hellige».
Vi får besøk av Frank Sekkeseter frå TV Sunnmøre LIVE som viser filmsnuttar og fortel om arbeidet med serien saman med Tor Erik Standal, folklorist og dagleg leiar i Fjordhagen.

Tid og stad

Temakvelden vert på biblioteket i Valldal tysdag 30. januar kl. 18.00 - 19.30. 

Vel møtt!

 

Ein stein i fjellandskap med påmalpilegrimssymbol. - Klikk for stort bilete Kristi Linge Stakkestad

Valldal 2029

Prosjektet Valldal 2029 er eit utvikling- og verdiskapingsprosjekt som har som mål å utvikle pilegrimsleia og å arrangere tusenårsjubileum i 2029. Då er det tusen år sidan Olav Heilage flykta opp gjennom Valldalen. Jubileet er ein del av Nasjonaljubileet - Norge i tusen år som vert arrangert ulike stader i Norge fram mot 2030.

Lenke til nasjonaljubileet - Norge i tusen år

Lenke til Valldalsleia på pilegrimsleden.no