Planlegging av stengeperiodar Eidsdal - Linge
Møre og Romsdal fylke er i gang med utbygging/ombygging av Eidsdal ferjekai. Det må planleggast nokre stengeperiodar for å få utført nødvendig arbeid.
Planlagt stenging i veke 17
Planen er at første stengeperiode blir i veke 17 (frå 24. april), og kanskje litt ut i veke 18. Ein reknar med 7 - 10 dagar. Frå veke 19 vert det sett inn to ferjer, og då må sambandet gå som normalt.
Skyssbåt
Det må settast i verk ein del avbøtande tiltak i denne perioden, og det blir arbeidd med å sett inn skyssbåt frå Eidsdal til Valldal. Ferja som trafikkerer Eidsdal - Linge vil gå over til sambandet Hellesylt - Geiranger for å auke kapasiteten der.
Sikre liv og helse
Det er spesielt viktig at ein klarer å på plass tiltak som går på liv og helse både for folk og fe. Kommunane vil bli involvert i dialog for sikre dette best muleg.
Har du innspel?
Innspel til punkt ein meiner bør vurderast i denne prosessen kan sendast til Ole.kristian.remkall@mrfylke.no.
Publisert 27.01.2023 15.03