F.v. Karl Andre Birkhol, Øyvind Verpeide, Ingrid Korsnes Hildre og Eva Hove
Fjord kommune
7. februar var det politirådsmøte i Fjord kommune. Politirådet er eit formalisert samarbeid mellom Nordre Sunnmøre politistasjon og leiinga i kommunen.
Politikontakt for Fjord
Det er Øyvind Verpeide som er vår politikontrakt. Han er tenesteleiar ved politistasjonen på Vatneeidet, og er vår faste kontaktperson og møter fast i politirådet. Ofte møter også Ingrid Kornes Hildre. Ingrid arbeider mykje med førebyggande politiarbeid.
Tema på politirådsmøtet
Politirådet er viktig i samarbeidet mellom politi og kommune. Mange saker av overordna karakter vert drøfta i rådet. Typiske saker kan vere samarbeid om beredskap, forhold som handlar om større arrangement, uteliv og skjenking, oppvekstmiljø, rus og kriminalitet.
Sommarbemanning i Geiranger
I dag snakka vi mellom anna om forventningar Fjord kommune kan ha til at politiet får ei betre sommarbemanning i Geiranger. Dette betyr mykje også for sørsida av Fjord kommune. Det vil mellom anna kunne redusere trykket på våre beredskapsfunkjonar gjennom sommarmånadene.
Ungdomsmiljø
Forhold som gjeld ungdomsmiljøa og ulike utfordringar i den samanhengen, er eit tema som ofte er oppe. Her er også dei faste møta i tverrfagleg forum veldig viktige.
Nettvett
Og før lokalvalet til hausten vil vårt politiråd – i samarbeid med andre politiråd – fokusere på nettvett i den lokalpolitiske debatten. Dessverre er det slik at ein nasjonalt ser ein aukande tendens til at folk vegrar seg for å gå inn i lokalpolitikken på grunn av hard ordbruk og sjikane. Politiet vurderer dette som eit trugsmål mot demokratiet.
Publisert 07.02.2023 15.18