Premierefest: Mission Impossible!

12. juli er det premiere på den nye Mission: Impossible-filmen med unike scener frå distriktet vårt. Bygdekinoen viser filmen på Martin Linge-huset kl 18 og kl 21.

Tom Cruise i Valldal

Endeleg er det klart for premiere på den nye filmen med unike scener frå vårt distrikt: 
Mission: Impossible - Dead Reckoning - Part One
Dette har vi venta lenge på og vi gler oss til å sjå resultatet av filminnspelinga! Skodespelar Tom Cruise budde i Valldal i seks veker under innspelinga hausten 2020. Han brukte helikopter på veg til og frå innspeling, både på Hellesylt og i Rauma. Mange fekk eit personleg møte og ein selfie med verdsstjerna oppi Lingåsen.

Premierefest!

Vi må sjølvsagt gjere ekstra stas på akkurat denne filmen og inviterer difor til ein liten premierefest i forkant av filmframsyninga. Martin Linge-huset opnar dørene kl. 17.00 og inviterer inn på raud løpar . Ordføraren blir tilstades.
Framsyninga startar kl. 18.00. Det er nummererte plassar.

Oppdatering: På grunn av stor pågang etter billettar blir det sett opp ei ekstra framsyning kl 21.00.

Lenke til facebook-arrrangementet for premierefesten

Kjøp billettar til framsyninga hos bygdekinoen.no

 

Illustrasjon - Klikk for stort biletePlakat.