Pressemelding om spørjeundersøkinga

På oppdrag frå Fjord kommune har Sentio gjennomført ei spørjeundersøking knytt til prosjektet med landbasert oppdrett i Raudbergvika. Undersøkinga vart gjennomført blant eit tilfeldig trekt utval innbyggjarar i starten av juni.

Pressemelding


På oppdrag frå Fjord kommune har Sentio gjennomført ei spørjeundersøking knytt til prosjektet med landbasert oppdrett i Raudbergvika i regi av Hofseth International.
Resultatet av undersøkinga viser at eit klart fleirtal av innbyggjarane i Fjord kommune er positive til planane om landbasert oppdrett. Eit fleirtal av innbyggjarane gir uttrykk for at det også er viktig for kommunen si framtid å ta vare på verdsarvstatusen. Resultatet frå innbyggarundersøkinga understøttar det mandatet ordførar og kommuneleiing tidlegare har fått frå eit einstemmig kommunestyre.
Utgangspunktet for Fjord kommune har heile tida vore at området for prosjektet i Raudbergvika ligg utanfor verdsarvområdet og at verdsarvstatusen ikkje kan eller skal avgjere kva aktivitet som skjer utanfor verdsarvsområdet. Der er inga buffersone rundt verdsarven. Dette er i samsvar med haldningane hos innbyggarane. Eit klart fleirtal meiner det er mogleg å byggje eit landbasert oppdrettsanlegg samtidig som ein tek vare på verdsarven i kommunen.

Vidare handsaming av saka skjer i kommunestyremøte 20. juni og dette vil danne grunnlag for å jobbe vidare inn mot sentrale myndigheiter og politiske parti slik at prosjektet kan realiserast.
 

For ytterlegare kommentarar, kontakt ordførar Terese Jemtegård Moen.

Sentio sin rapport om innbyggjarundersøkinga om oppdrettsanlegg i Raudbergvika (PDF, 580 kB).

Terese Jemtegård Moen
Ordførar
E-post
Telefon 92 80 56 59