Pressemelding - Raudbergvika

Fjord kommune er glad for at Statsforvaltaren har trekt nokre av motsegnene, men er skuffa over at det framleis heng igjen fire motsegner. Prosessen går vidare, og vi arbeider no vidare med å løyse dei som står igjen. 

Dame som ser mot kamera - Klikk for stort bilete

Ordførar Terese Jemtegård Moen seier at ein no arbeider vidare, og førebur seg på mekling. Det ligg føre ny kunnskap om ulempene som kommunen som vil ta med vidare. Ein registrerer at Statsforvaltaren framleis synest å overvurdere negative konsekvensar medan positive effektar ikkje blir synleggjort. 

Vi meiner altså dei negative sidene ved prosjektet framleis er overvurderte, og at dei samfunnsmessige vurderingane ikkje er nok vektlagt. Verdsarvstatusen si avhengigheit av levedyktige lokalsamfunn med innovativt næringsliv som kan utvikle seg, synest heller ikkje å vere vurdert og verdisett. Prosjektet er ikkje i konflikt med verdsarven, snarare tvert i mot.

Ordførar Moen understrekar at kommunen aktivt arbeider vidare med prosjektet, og ser føre seg at dei siste motsegnene også skal kunne trekkast.