Rapport om tenestesamarbeid på sørsida

Utsikt frå Blåhornet i Eisdal Eva Hove

Telemarksforskning har utgreidd eit mogleg tenestesamarbeid på sørsida, mellom kommunane Fjord og Stranda.

Det vart søkt om skjønnsmidlar for å greie ut eit mogleg tenestesamarbeid mellom Stranda og Fjord kommunar. Det vart løyvd ein halv million kroner til ei slik kartlegging, og no er rapporten klar. Rapporten er levert av Telemarksforskning.

Måndag 13. mars vert det nytt folkemøte i gymsalen på Eidsdal skule for å diskutere innhaldet i rapporten.

Rapporten om mogleg tenestesamarbeid mellom Stranda og Fjord kommunar kan du lese her. (PDF, 2 MB)