Rekordstor kartlegging av frivilligheita

Vi oppmodar alle lag og organisasjonar i Fjord om å delta i spørjeundersøkinga om frivillig arbeid som er sendt ut til 3.600 lag og organisasjonar i Møre og Romsdal. Målet er meir kunnskap for å kunne gi frivilligheita best moglege rammer. 

Kvifor er det viktig å delta

Bilde av illustrasjon med teksten Set pris på frivilligheitaSet pris - Klikk for stort bileteSet pris på frivilligheita Norges frivilligsentraler

– Undersøkinga gir kommunen og fylkeskommunen verdifull kunnskap. Men for å få eit godt kunnskapsgrunnlag, er det viktig at alle deltar, seier Heidi-Iren Wedlog Olsen, kulturdirektør i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Svara frå kvar enkelt organisasjon, frå den minste lokale til den store regionale, er like viktig. Undersøkinga går ut til 3.600 lag og organisasjonar, og vi vil høyre frå kvar enkelt av dei for å få eit så nøyaktig bilde av situasjonen som mogleg. Alle er like viktige!

Stor verdi i frivillig arbeid

– Frivillig sektor har ei sentral rolle i samfunnet vårt, og vi har lenge ønska å få ei betre oversikt over kva som kjenneteiknar ho, seier kulturdirektøren. 

Bilde av mange personar oppstilt i gruppe - Klikk for stort bileteSamling for frivillige i Eidsdal og Norddal

Kva er eigentleg omfanget av arbeidet med frivilligheit i Møre og Romsdal? Kva behov har dei? Og kva er verdien av arbeidet frivilligheita legg ned i samfunnet?  På oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune skal Telemarksforsking kartlegge dette og andre relevante problemstillingar.

Målet er å få meir kunnskap om både samfunnsnytten til frivillig sektor og om samspelet mellom frivillig og offentleg sektor.

Har din organisasjon mottatt undersøkinga?

Undersøkinga er no sendt ut per e-post til kontaktperson i organisasjonen, som oftast leiar. Sjekk om den kan ha enda opp i søppelkassa om du ikkje har sett den. Det kan vere enkelte organisasjonar som ikkje har kome med i oversikta, eller manglar oppdatert kontaktinformasjon. 
 Viss de ikkje har mottatt undersøkinga, så gi oss beskjed ved å følgje denne lenka.

Vi håper at flest mogleg vil svare – di meining er viktig!

 

Les meir om undersøkinga på Møre og Romsdal fylkeskommune si nettside.


 

Innandørs, mange personar, stolar, bord, vomdu adventsstjerne - Klikk for stort bileteFrivilligfeiring på Blåtind 2022