Rekrutteringskveld

Fjord kommune inviterer til ei hyggeleg samling med pizza og god prat på Frivilligsentralen i Stordal onsdag 9. april kl. 18. Kvelden er for alle som har ei interesse, arbeider og/eller vurderer moglegheitene innafor helse og oppvekst. 

Innafor helse og oppvekst finst det eit mylder av utdannings- og karrieremoglegheiter.  

Kommunen ønskjer å fortelle litt om kva som skjer innanfor nokre av desse områda, og samtidig vise kva spennande moglegheiter ein kan få om ein vel ei karriere her.

Her vil vere ministands frå ulike høgskular / universitet samt Fjord kommune.

Kvelden er for alle som har ei interesse, arbeider og/eller vurderer mulegheitene innanfor desse fagområda. 

Frist for å søkje høgare utdanning er 15. april.

Det er gratis pizza og brus til alle - ta deg ein tur då vel.